fredag 23. mars 2018

VI DEKKER MED EIN FRANSK JUBILANT


Franske Pillivuyt er 200 år no i 2018, vi er sjølvsagt med på feiring av kvalitetsserviset i slitesterkt porselen.

No har vi fylt opp hyllene med deler som tåler temperatur frå frysaren til steikeomnen, faktisk heilt bokstavleg talt. Paien du laga og sette i frysaren, kan du ta ut og sette rett i steikeovnen for å gi den ein lunk.

Med serviset dekker du både festbordet og kvardagsbordet, og dei eldfaste formene er så fine at du kan setje dei på bordet, og maten blir eit midtpunkt.

Former med flat botn kan du bruke på grillen, forutsatt at du har væske i botnen av forma. Det er heilt perfekt no som grillsesongen står for døra

Vi lot Pillivuyt møte maten til Linda Stuhaug, ein flott kombinasjon av kvalitetsservise og kvalitetsmat.

Velbekomme!



Den ikoniske suppeskåla.






For oppskrift, følg linken





Sjokolade kake og kaffi er den perfekte desserten!


For oppskrift, følg linken





For oppskrift, følg linken



Linda Stuhaug er matbloggar og forfattar som deler oppskrifter og 
tips om korleis vi enkelt kan bruke sunn mat i kvardagen vår. 

Tusen takk til deg Linda som lar oss dele oppskriftene dine! 
Din gode mat er perfekt å tilberede i Pilluvyt sine ildfaste former, 
og serverepå det kvalitetssterke porselensserviset.


Alle bilete er tekne av Ingeborg K. Indrebø for 
Førde Glassmagasin. Lån gjerne bilete, men krêditer oss.





søndag 11. februar 2018

INSPIRASJON TIL BRYLLUPET DITT


22,  februar arrangerer vi bryllupskveld i butikken vår.  Denne
kvelden er for deg som skal gifte deg. Du vil oppleve ein butikk i 
bryllupsmodus. Vi hjelper deg med å lage gåvelister, vi har giveaways,
 utlodning og leverandørbesøk. Vi håper du kjem og får inspirasjon til 
nettopp ditt bryllup.




I fjor gifta Andrea Solheim Kirketeig og Øyvind Kirketeig Solheim seg, 
dei hadde liste hos oss og var veldig fornøgde med det.

Å bli vist rundt og bli fortalt kva som var vanleg å ønske seg
både av type og mengde ting, var til god hjelp for oss
då vi var litt usikre i "bryllupsrusen" vi var i, seier Andrea.

Dei som handla gåver, brukte lista godt.
 Andrea og Øyvindfekk alt dei ønska seg











FOTO NR 1, 2, 3, 4 OG 6 ER TATT AV SILJE MOWATT OG NR 5 ER PRIVAT

TUSEN TAKK TIL ANDREA OG ØYVIND SOM DELER  SINE 
ERFARINGAR MED OSS!





mandag 15. januar 2018

NÅR DAGANE VERT LYSARE


Det er januar, og jula er over, lune, koselege desember har gått over til lysare 
tider. Vi ryddar vekk julepynten, og gleder oss over at dagane vert lengre.

Og det skjer det same  kvart år, etterjulsvinteren gir oss lyst til å 
finne fram lysare fargar rundt oss, juleblomstene vert bytta 
ut med nye planter og fargerike blomster.

Det treng ikkje vere så mykje, ei pute i vårlege fargar kan vere nok.
Ei fargeglad primula på bordet, nye grøne planter, kjenner du kjensla? 
Pastellfarga ferske tulipanar, vi elskar det!


Ei ny pute, ein grøn plante.





Pastellfarga kaffikoppar, ein lysegrøn vase.


Tulipanar, den kjensla!



Glade fargar.


Fargerikt brett på bordet er til å bli glad av!


Svibelen frå jul står framleis fint.


Nye planter i nye pottter.


Sidebordet ved sofaen har ôg fått grønt følgje, og kaffikoppen 
og puta seier at det snart er vår.

Produkt frå butikken vår som vi har brukt i dette innlegget:
Pute og krus Pieni Unikko frå Marimekko
Wire base og Wire pot frå Menu
Pledd frå Røros Tweed
Hammershøi thermokru frå Khäler
Tiara rundt brett frå Marimekko
Flower vase oliven opal frå Marimekko
Little bird frå Normann Copenhagen
Ball vase frå Cooee
Block bord frå Normann Copenhagen
Lyngbyvase


Alle bilete er teke av Ingeborg K. Indrebø for Førde Glassmagasin
Kreditèr oss om du vil låne nokre av dei