mandag 11. september 2017

ENKEL BUSTADSTYLING

Er du ein av dei som skal selje bustaden din? Skal du gjere det privat eller gjennom meklar?
 Er det første gong du skal selge, eller har du gjort det før?

Førsteinntrykket av bustaden din er uansett veldig viktig slik at eventuelle kjøparar lèt seg friste. 
 Gode bilete frå det som framstår som ein romsleg, ryddig og stilrein bustad kan vere 
forskjellen på stor og lita interesse. 

For kort tid sidan fekk vi eit hyggeleg oppdrag med å style ein bustad for sal. Vi deler
bilete frå leiligheita og nokre generelle tips.




Først av alt, rydd, rydd og rydd ein gong til, men ikkje sett vekk alt, ein tom bustad
 verkar mindre enn ein som er møblert.

Ha gjerne nokre bilete på veggen, men familiebileta er best å 
legge vekk ved fotografering og visning.

Hald inngangspartiet ryddig, klede og sko skal ryddast vekk.

I små rom er det lurt å ta vekk golvtepper.




Re opp senger på ein ryddig og delikat måte på soverommet.


.



Badet verkar delikat med nokre fint samanbretta handklede, 
ei grøn plante og kanskje nokre få velværeprodukt.




I stova vil ein gjerne ha det koseleg, men ikkje fyll opp med puter i sofaen, 
det er nok med ei eller to. Ta vekk møbler som gjer rommet overfylt. 
Tenk luftig miljø og gangsoner. Har du peis, fyr opp, peisflammer appellerar til dei fleste.





kjøkenet ryddar du benkeflater, kjøleskapsdører og spiseplassen.

Det er viktig med rydding, men ôg å lage den gode kjensla. Litt krydder, korger 
og  ei kokebok er gode tips.







Det treng ikkje verte dyrt med litt styling, men det kan auke interessa for bustaden, 
få til eit raskare sal og kanskje gje ein høgare salsum.





Og hugs, du skal ikkje selje din smak, du skal selje ein bustad som andre kan 
sjå for seg som sin heim, då er førsteinntrykket viktig.

LYKKE TIL!

Produkt frå Førde Glassmagasin som er brukt i denne bustaden:
Stettfat og koppar frå Royal Copenhagen. 
Ildhane lysestake frå Andersen &Voll. 
Freemoverlysestaker.
Hammershøi vase frå Kähler.
Ombria blomsterpotte/vase frå Kähler.
Handkle Zone.
Pledd frå Røros Tweed.
Collar vase frå Cooee Design.



Alle bilete er tatt av Ingeborg K. Indrebø for Førde Glassmagasin. 
Kreditêr oss om du vil låne bilete.