fredag 21. juli 2017

REGN UTE, KOSELEG INNE

Det er berre å innrømme det, det regnar ein god del om sommaren også, og det kan vere skikkeleg kjøleg!

Men jammen kan vi ha det bra inne!

Fram med ullteppe i glade sommarfarger, og må du fyre i peisen, ja, så må du det. Levande lys i flotte stakar, det er no koseleg det også. Og strikketøyet er naturleg følge, vesle snuppa skal få seg jakke til hausten.

Og så er det denne kaffien, da, den smakar ekstra godt i ein fin kopp. Boka med strikkeoppskrifter er framme, det er kjekt å planlegge litt av hausten på strikkepinnane.

Og du, hageblomstene fortjener ein flott vase, eg berre elskar den store, grøne vasen frå Marimekko, eit midtpunkt der han står.

Da er vi einige, da. Sommaren kan vere koseleg når det regnar også, men… sola må no finne vegen fram att til oss!











Produkt vi har brukt og du finn hos oss:

Bord og pute frå Hay. Vase frå Marimekko.
 Kopp frå Design Letters.
 Lysestakar fra Freemover. Pledd frå Røros Tweed. 


Alle bilder er tatt av Ingeborg K. Indrebø for Førde Glassmagasin. 
Kreditêr oss om du vil låne bilder.


fredag 7. juli 2017

ETE UTE

For mange av oss er den perfekte sommardagen ein dag vi kan ete ute. Vi gler oss over å vere saman, by på god mat, eller berre ta ein kopp kaffi åleine.

Kanskje er det fordi vi bur så langt mot nord, der vinterhalvåret gjer at vi må kle oss godt, og måltid ute ikkje freistar til å sitje lenge rundt bordet. Det er mørkt store delar av døgnet.

Men så kjem sommaren og med han lyset. Og så fort sola og varmen er der, trekkjer vi ut. Vi går barbeint i graset, plukkar blomster, et is og vi har måltida i hagen eller på terrassen.

Vi inviterte til lunsj på terrassen, bli med oss dit.




















GRYTEBRØD FRÅ LE CREUSET


INGREDIENSER

6 dl vann
En klump gjær på størrelse med en ert
1 ss salt
2 ss honning
625 g hvetemel (en del kan erstattes av grovt mel avhengig av hvor grovt brød du ønsker)
1 dl solsikkekjerner til å drysse i gryten ved steking

  1. Rør sammen gjær og vann. Tilsett salt, honning og mel og rør rundt med en røreskje. Deigen kan tilsettes pinjekjerner, gresskarkjerner, revet gulrot, rosiner eller krydder etter ønske. Deigen skal være veldig myk og våt.
  2. Sett deigen til heving i stuetemperatur natten over (minimum 12 timer).
  3. Vend deretter deigen 3-4 ganger med en røreskje og sett den til heving igjen et par timer i bollen.
  4. Sett støpejernsgryten på en rist i ovnen og sett ovnen på 250°. Når ovnen (og gryten) er varm, drysser du solsikkekjerner i bunnen av gryten. Dette gjør at brødet slipper gryten lettere. Du kan også bruke havregryn eller andre kjerner i stedet for solsikkekjerner.
  5. Hell den myke deigen direkte fra bollen og ned i den varme gryten. Stek først brødet i ovnen i 30 min med lokket på, deretter tar du av lokket og steker brødet videre i 15 min uten lokk.
  6. La brødet hvile i minst 30 min før det skjæres ut.
Kilde: Le Creuset



OG DEI FARGERIKE EGGA KJEM KORTREIST FRÅ NERSANDDAL GARD I JØLSTER.


Produktene vi har brukt kommer frå Normann Copenhagen, Le Creuset. Kâhler. Iittala. Du finn dei i butikken hos oss.

Alle bilder er teke av Ingeborg K. Indrebø for Førde Glassmagasin. Krèditer om du vil låne nokre av dei.